PÅMELDINGSINFO
Karl, Per og Ivar melder seg på kvart einaste år. "Det er lett å melde seg på, men ver nøyaktig med at alle data blir rette. "
Påmeldingsinfo
Korleis melder eg meg på?
Bruk internett.
Vi registrerer påmeldingar på nett og sender fakturaen til laget eller superkjeringane pr. epost ved registrering. Ved handsaming av påmeldingar vert alle plasserte i rett klasse ut frå registrert informasjon.
Endringar i påmeldinga skal sendast til postmottak@leikanger.kommune.no
Har du spørsmål, ring Leikanger kommune tlf. 57 65 56 00. Ope måndag- fredag kl. 08.00-15-45.
Ta fleire etappar på eit lag
Du kan melde deg på fleire etappar på same lag, eller først som superkjering og deretter på ein etappe på eit lag.
To påmeldingsfristar
Påmeldingsfristen er 17.mars for å få årets T-skjorte gratis. Deltakaravgifta må vera betalt innan denne fristen.
Nettpåmeldinga stenger 7. april . Betaling må vera gjort innan same dag.
Aller siste påmelding er ved personlig oppmøte i Saften/Leikanger idrettshall fredag 13.april kl. 14.30-21.00, eller laurdag 14. april kl. 08.00-09.30 uten garanti for t-skjorte. Kontant betaling ved etterpåmelding, med mindre du kan vise kvittering for betalt startkontingent. Her kan du også gi melding om endringar. Vi har nokre t-skjortar ekstra for etterpåmeldingar.
Avbud
På melde løparar som vert forhindra frå å stille til start må melde frå til Leikanger kommune på telefon 57 65 56 00.
Endringar/påmeldingar kan også gjerast fredag eller laurdag morgon ved henting av startnummer på Saften/Leikanger Idrettshall.
Refusjon
Påmeldingsavgift vert ikkje refundert anna enn med omsyn til spesielle tilhøve, t.d. sjukdom. Refusjon p.g.a. dårleg vêr vil ikkje bli godkjent. Ein må søkje skriftleg om refusjon.

