DELTAKARAVGIFT
Trafikkvakt og deltakar Finn S. melder seg på før "T-skjorte fristen" går ut. :-)
Deltakaravgift
Alle som melder seg på før 17. mars får T-skjorte med årets logo forutsett at startkontigenten vert betalt seinast same dag.
Me kjøper inn nokre ekstra T-skjorter. Desse skjortene sel me fredag kveld før rennet, so langt lageret rekk.
Deltaking i bedriftsklassen kjem i TILLEGG til deltaking i ein av dei andre klassane. Beste bedrift i open klasse, kombiklasse, kvinneklasse og klassen for superkjeringar vert premiert. Kravet for å stilla i bedriftsklassen er at laget har betalt bedriftskontingent i tillegg til vanleg startkontingent.
I tillegg får bedriftene som vinn sine klassar diplom.
OBS!
Årets Kjeringi Open avis har prisar frå 2011. Me beklager dette. Det er ca. 3% prisauke frå frå 2011 til 2012.
Årets startkontingentar:
| SUPERKJERING | PRIS | |
| Junior | 380 | |
| Senior - veteran - superveteran | 490 | |
| LAG | PRIS u/superkjering | PRIS m/superkjering |
| Junior | 780 | 965 |
| Senior – veteran - superveteran | 1160 | 1360 |
| BEDRIFTSKLASSE - SUPERKJERING | TILLEGGS PRIS | |
| Junior-senior-veteran-superveteran | + 550 | |
| BEDRIFTSKLASSE - LAG |
TILLEGGS PRIS u/superkjering | TILLEGGS PRIS m/superkjering |
| Junior-senior-veteran-superveteran | + 800 | + 1050 |

