NYHENDE

Etappetider

Resultat for ALLE klassar med utrekna etappetider ligg klare.

Peik HER

NAVIL - Beste bedrift 2011 - uansett klasse

 

NAV IL  blei "BESTE BEDRIFT" i Kjeringi Open 2011 - uansett klasse

Dei fekk totaltida 56 min 08 sek, og stilte i "Open klasse senior".

Geir Christensen-telemark, Trond Killingrød-langrenn, Rune Wolff-springing, Erik Stavø-sykkel.

NAV imponerer stort - Me gratulerer!

Flotte foto av gutane.

Skattehjelpa - Beste bedrift - Kombilag superveteran

Skattehjelpa vart beste bedrift i "kombilag superveteran".

Dei kom inn på tida 1 time 22 minutt og 49 sekund.

Skattehjelpa betalte sjølvsagt bedrifts-avgifta og vann heile klassen sin. Slik skal det vere.

Me gratulerer Torgeir Urdahl, Åse Glans Urdhal, Aud Neverdal og Leif Arne Nordheim med god innsats.

Sjå flotte foto av superveteranane.

Miljøsvin - Beste bedrift - Kombilag veteran

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane vart beste bedrift for "Kombilag veteran"

Laget Miljøsvin kom i mål med tida 1 time 10 minutt og 2 sekund.

Ei knalltid av veteranane.

Det er berre å gratulere Hermund Mjeldestad, Nils Erling Yndesdal, Synnøve Stalheim og Heidi Sandvik.

Flotte foto.

GRIP framtida - Beste bedrift - Kombilag senior

GRIP framtida  vart beste bedrift i "kombilag senior".

Dei fekk tida 1 time 7 minutt og 56 sekund.

Dette er ei knalltid.

Morgan Flugheim gjorde ein framifrå god innsats på telemarketappen og kom til Damefall samtidig med årets SUPERKJERING Gjermund T. Nordskar.

Sjølv med fall på sykkeletappen vart dei "beste bedrift". Me gratulerer.

Sjå flotte foto.

Stedje barnehage - Beste bedrift - Jentelag senior

Stedje barnehage  vart beste bedrift i klassen "jentelag senior".

"Stedje barnehage - alltid på veg " kom i mål på tida 1 time og 30 sekund.

Dette er ei fantastisk flott tid.

Flotte foto av jentene.

 

Bondegutane - Beste bedrift - Open klasse superveteran

Bondegutane  vart beste bedrift i open klasse superveteran.

Dei kom inn på tida 1 time 15 minutt og 25 sekundar.

Dette er veldig bra.

Me GRATULERER Harald Hjermann, Jon Nummedal, Oddvin Haugland og Per Hillern.

Sjå flotte foto av superveteranane frå Bondelaget Sogn og Fjordane .

Norconsult as - Beste bedrift - Open klasse veteran

Norconsult as vart "beste bedrift" i Open klasse veteran.

Namnet på laget var "Norconsult veteran " og dei kom godt under timen.

Tida vart 58minutt og 53 sec.

Nedom ser du flotte foto av veteranane.

 

 

"Team Luster il" og "Rakfisken"

Sjå dei dramatiske bilda frå "S" kurva i Askedalen og sykkelfallet som kanskje avgjorde det heile.

"Team Luster il"  leia "Open klasse senior" på både 2. og 3. veksling.

Den bratte og sleipe traktorvegen vart for tøff.

Rakfisken , som låg hakk i hel, utnytta fallet, peiste forbi og kom fyrst i mål i klassen "Open klasse senior".

 

Fotoalbum "Askedalen" fin du HER

Sjå utviklinga i løpet HER

ATTGLØYMD UTSTYR

Her finn du lista over attgløymd utstyr.

Ta kontakt på kjeringi@gmail.com  dersom noko av det er ditt.