Kjeringi Open 14.april 2012. / INFO / LØPET - VIKTIG INFORMASJON

LØPET - VIKTIG INFORMASJON

Er du godt trent, så får du att for det. Er du i tillegg ein skiløpar av rang, så er du fort i tetskiktet.

Foto omlag 200m etter felles start.

Nedom kan du lese om m.a. kven løpet passar for, atterhald om endringar, forsikring, litt om løpsdagen, skyttelbuss, løypeprofil, nøkkeldata og obligatorisk utstyr

 

 

Kven passar løpet for ? 

Løpet er ope for alle som fyller 10 år i løpet av året.Det er ingen øvre aldersgrense! Løpet passar for "normalt" aktive personar.

Ein bør likevel ikkje debutere som superkjering før ein fyller 14 år. Turen fram til start på Kjeringafjell er såpass krevjande at det berre er dei færraste under 12 år som er i stand til å gjennomføra første etappe.

Greier du ein 3-4 timars skitur til Kjeringafjellet, så klarar du alltid å kome deg ned til mål på Hanahaug. Har du problem med å gå ein litt lengre skitur i motbakke, så bør du heller vurdere å ta ein av etappane.

Er du godt trent, så får du att for det. Er du i tillegg ein skiløpar av rang, så er du fort i tetskiktet.

 

Ta ansvar!

Kjeringi Open skal vere ei morosam og tøff utfordring. Syril vil gjerne gjere sitt beste for å skape ei fin tilskiping med ei festleg ramme. Me ber likevel deltakarane hugse på at det er viktig å vise ansvar både for seg sjølv og andre. Leikanger Røde Kors har vaktar langs heile løypa. Deltakarane har ansvaret for at det går bra, og må difor tilpasse farten etter evne.

 

Atterhald om endringar

Løypa vert fastlagd tett inntil renndagen grunna ver- og snøtilhøve. Løypa kan inpiserast frå kl. 18.00 dagen før løpet. Endringar vil bli lagt ut på heimesida fortløpande.

Faren for avlysing av rennet er liten. Viss det vert for lite snø i fjellet til å kunne gjennomføra langrennsetappen, vil vi kunne legge om denne etappen til terrengløp. Viss første eller andre  etappe ikkje kan gjennomførast som planlagd vil vi informera fortløpande om dette på heimesida. Må løpet likevel avlysast vert ikkje startkontingenten refundert. T-skjortene vert i så fall sendt til dei som har rett på t-skjorte.

 

Forsikring

Inkludert i startkontingenten er forsikring som i hovudsak dekker personskade. Det er teikna arrangør- og ulykkesforsikring (kr.200.000 ved død og kr.300.000 ved medisinsk invaliditet) Skade på,eller tap av utstyr, vert ikkje dekka. 

 

Etappetider

For såvel stafettkjeringar som superkjeringar gjeld at vi registrerer og kunngjer resultat på alle etappar i alle aldersklassar. 

 

Korleis er løpsdagen?

For å kome til Kleppa køyrer du på bilveg frå sentrum ca. 4 km, følg skilt. Stor parkeringsplass. Peik HER  og deretter på 3D.

Vekslingsområda kan studerast på vegen opp til start, og superkjeringane kan legga frå seg utstyr. Superkjeringar kan legge frå seg syklane ved veksling på Syril Stadion kvelden før, eller laurdag morgon. Det er ikkje vakt ved Syril Stadion før laurdag morgon.

Frå Kleppa er det omlag 3 timars gange til start på Kjeringafjellet (1314 m.o.h.). Ta med kle, mat og drikke. Det kan vere kaldt på toppen! På Kjeringafjell vert sekkane kontrollvegde. Sjølv om det er fellesstart vert det raskt stor strekk i feltet. Ned bratthenget ligg ein som regel i fin rekke. På veg frå fjell til mål ved Sognefjorden får ein med seg både vinter og vår.

Skyttelbuss

For lagsmedlemmar som skal ta 2. og 3. etappe går det skyttelbuss frå Røysa til Kleppa frå kl. 11.00 til kl. 13.00 laurdag morgon. Følg Kleppavegen eit stykkje opp i boligfeltet for å kome til bussen.

Drikkestasjonar

Det er drikkestasjonar ved andre og tredje veksling, og i målområdet. 

 

Vekslingar.

Damefall - veksling fjelltelemark og langrenn
Følg merking av løypa slik at registreringa går av seg sjølv. 2. etappeløparar skal stå bak merka strek slik at andre deltakarar ikkje vert hindra. Det vert sett opp utstyrsstativ for superkjeringar i løpsretningen.

 

Kleppa - veksling langrenn og løping
Følg merking av løypa slik at registreringa går av seg sjølv. Gje plass til andre deltakarar. Det vert sett opp utstyrsstativ for superkjeringar i løpsretningen. Langrennet har klassisk stil i dobbelt spor.

 

Syril stadion - veksling løping og sykling
Følg merking av løypa slik at registreringa går av seg sjølv. Løparane vert forhåndsvarsla med nummer slik at syklistane kan gjere seg klare om lag 1 minutt før løparen kjem til registreringspost og veksling. Superkjeringane finn sykkelen sin på den staden dei la den om morgonen.

 

 

 

Løypeprofilar

Fjelltelemarketappen
Frå Kjeringafjell (1314 moh.) til Damefall (500 moh.) Fallhøgde 814 meter- lengde 8 km 
Langrennsetappen
Frå Damefall (500 moh.) til Kleppa (400 moh.) Fallhøgde 100 meter - lengde 3-6 km
Springeetappen  
Frå Kleppa (400 moh.) til Syril stadion (100 moh.) Fallhøgde 300 meter - lengde 4 km.
Sykkeletappen
Frå Syril stadion (100 moh.) til Hanahaug (3 moh.) Fallhøgde 100 meter  - lengde 8 km

 

 

Nøkkeldata og obligatorisk utstyr

1. etappe - Telemark
 

Nøkkeldata

Fellesstart alle klassar kl. 13.14

Oppstilling i 3 startlinjer. Om lag 20m mellom kvar linje.

Styreportar for kvar 50-100 meter.

Normalt vert heile traceen preparart med unntak av  bratthenget ned Kjeringi.

Ikkje krav til telemarksving

Obligatorisk utstyr

Hjelm

Ryggsekk –min.vekt  5 kg. (10-14 år og

superveteran damer : 3 kg)

Binding med hel som kan løftast.

Superkjeringar kan skifte utstyr på vekslingsstasjonane.

 
2. etappe - Langrenn

 

Nøkkeldata

Preparerte langrennspor skal fylgjast frå Damefall til veksling på Kleppa/Øvstestølen.

Stil og utstyr

Det er berre tillate med klassisk stil.

Superkjeringar kan skifte utstyr på vekslingsstasjonane.

 

3. etappe - Springing

 

Nøkkeldata

Merka løype skal fylgjast frå Kleppa til Syril stadion.Grus/asfalt.

Utstyr

Vi anbefaler topp joggesko då dette er

den tøffaste etappen!

 

4. etappe - Sykling

 

Nøkkeldata

Merka løype frå Syril stadion til Hanahaug skal fylgjast. Ein må rekne med grusveg, asfatert veg, traktorveg, grasmark, frukthagar, gjørme, steinar, bratte og flatte lende, lange bakkar, full rulle og stormande jubel inn mot mål.

Obligatorisk utstyr

Hjelm