Kjeringi Open 14.april 2012. / HISTORIA / I UNGDOMENS DRIVHUS

I UNGDOMENS DRIVHUS

Arne Monrad Johnsen frå Leikanger i Sogn og Fjordane kom heim att frå USA der han hadde vore med på ein såkalla "Qadrathlon" som omfatta telemarkkøyring, langrenn, løping og sykling. Saman med nokre kameratar starta han "Kjeringi Open". Det er ei idrettsleg kraftprøve med islett av karneval.

Dei kledde seg ut i fargerike kostyme og gav seg i veg til toppen av Kjeringafjellet, 1308 meter over havet. Derifrå sette dei utfor for å sjå kven som kom først ned att til fjorden.

Første etappe var telemarkkøyring. Då dei kom til ein stad som blir kalla "Damefall", skifte dei til langrennski og gjekk ned til skihytta der det var nytt skifte til joggeskor. Så sprang dei ned vegen til ungdomsskulen der siste skifte var, før dei sykla i mål på dampskipskaien i Leikanger.

Sidan starten i 1993 har arrangementet vakse til ein gedigen folkefest. 500 deltakarar var med siste året. Reglane er slik at du kan ta alle etappane og bli "superkjering", eller du kan danne stafettlag og dele dei fire etappane. Det er også mogleg å stille blanda-lag med mannfolk og kvinnfolk eller bedriftslag.

Rundt 1000 menneske plar samle seg i målområdet og vente på "kjeringane". Der er det musikk, "Kjeringi Open junior" for ungar, profilering av lokalt næringsliv, sal av kaffi og grillmat i tillegg til at hotellet står for siste delen som er premiutdeling og sal av brus og øl i hotellhagen.

Utflytte sogningar vandrar etter kvart heim att som pilegrimar til "Kjeringi Open" midt i april. Det er folkefest, alle møter alle og våren varslar at han snart kjem. Arrangementet har etter kvart vorte så profesjonelt at det ligg ute på Internett med eiga heimeside.

Men framleis lever den morosame delen. Mange stiller i artige kostyme og originale namn på laga er ein viktig del: "Elvis lever", "Solgjengen", "Hetatoktene", "Slupsedn" "Rakkarungane" og "Vikjatausene" er nokre av dei som har gjort seg sterkast gjeldande. Vitsen er at det er moro, at det er attraktivt å vere med på ein fin tur frå vinteren til våren, og at den kreative galskapen fengjer ungdommen og viser at heimbygda lever.

Dei raskaste deltakarane i "Kjeringi Open" brukar under 50 minuttar frå toppen av Kjeringafjellet til dampskipskaia. Dei siste deltakarane plar vere i mål før det har gått to timar.